Det er veldig vanskeleg å vere ungdom i 2015. Det er stort kroppspress på både gutar og jenter. Ungdomsblad, vekeblad og andre magasin har annonsar for mange forskjellege produkt med unge, slanke, vellykka menneske. På annonsane er det bilete av perfekte ungdomar som er slanke, har kvite tenner, rett nase, skinnande auge osv. Mange ungdommar blir påverka og ønskjer at dei skal likne meir på dei i blada.
Somme ungdommar er så misfornøgde med korleis dei ser ut at dei bruker fritida si på å slanke seg kraftig eller byggje opp store musklar. Mange gutar ønskjer å få litt større musklar og begynne å pumpe jern på treningsstudio. Normal trening er sunt men tanken på å få større musklar kan ta overhand og bli det viktigaste i kvardagen. Denne sjukdommen blir kalla magareksi og dei som har den sjukdomen følar at dei aldri kan få store nok musklar. Eit alvorleg problem er at det nokre gongar blir brukt dopingmiddel som anabole steroid.
Anoreksi og bulimi er mest vanleg blant jenter men det er mange gutar som òg lir av eteforstyrringar. Ca. 100 000 personar er ramma av denne sjukdommen i Noreg.
Dei som har anoreksi kan aldri bli slank nok følar dei.

Kjeldeliste:
http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154
Bilete kjelde: http://ndla.no/nn/node/115636
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar