torsdag 5. november 2015

Klassemiljø

Klassemiljø er veldig viktig for at ein skal trivst på skulen. Du tilbringer mange timar kvar dag i klassen din så derfor er det viktig med bra klassemiljø. Viss du har det bra på skulen så påverkar det kanskje resten av kvardagen din og du blir gladere. 

Viss du har eit bra klassemiljø lærer kanskje betre. Eit bra klassemiljø for meg er at alle er snille med alle og hjelpar kvarandre. Det er mange som ikkje likar klassen sin men det er kanskje fordi dei ikkje gjer innsats i klassen. Viss du har det dårleg på skulen så blir du lei deg og dagen din blir påverka. 

Eg synes at 9cd har eit ganske bra klasssemiljø egentlig men det går alltid ann å få det endå betre. For å få eit betre klassemiljø kan alle vere snille med alle og bli betre kjent med alle i klassen. Arbeidsro eg også veldig viktig viss ein skal ha eit bra klassemiljø. 



  



UNGDOM OG KROPP



Det er veldig vanskeleg å vere ungdom i 2015. Det er stort kroppspress på både gutar og jenter. Ungdomsblad, vekeblad og andre magasin har annonsar for mange forskjellege produkt med unge, slanke, vellykka menneske. På annonsane er det bilete av perfekte ungdomar som er slanke, har kvite tenner, rett nase, skinnande auge osv. Mange ungdommar blir påverka og ønskjer at dei skal likne meir på dei i blada.

Somme ungdommar er så misfornøgde med korleis dei ser ut at dei bruker fritida si på å slanke seg kraftig eller byggje opp store musklar. Mange gutar ønskjer å få litt større musklar og begynne å pumpe jern på treningsstudio. Normal trening er sunt men tanken på å få større musklar kan ta overhand og bli det viktigaste i kvardagen. Denne sjukdommen blir kalla magareksi og dei som har den sjukdomen følar at dei aldri kan få store nok musklar. Eit alvorleg problem er at det nokre gongar blir brukt dopingmiddel som anabole steroid.

Anoreksi og bulimi er mest vanleg blant jenter men det er mange gutar som òg lir av eteforstyrringar. Ca. 100 000 personar er ramma av denne sjukdommen i Noreg.
Dei som har anoreksi kan aldri bli slank nok følar dei.

Nå i dag har vi kosmetiske operasjonar Menneskar som har øydelagt utsjånaden på grunn av sjukdom eller skadar kan ta kosmetiske operasjonar for å fikse dette. Mange ungdommar brukar masse pengar på å få større bryst, rette på nasen, sprøyte inn botox eller få større lepper. Det går seriar på tv som visar ungdommar som har endra på utsjånaden og blitt lykkelege. 

Gutt som viser sine muskler for en jente.

Kjeldeliste:

http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154
Bilete kjelde: http://ndla.no/nn/node/115636