torsdag 5. november 2015

Klassemiljø

Klassemiljø er veldig viktig for at ein skal trivst på skulen. Du tilbringer mange timar kvar dag i klassen din så derfor er det viktig med bra klassemiljø. Viss du har det bra på skulen så påverkar det kanskje resten av kvardagen din og du blir gladere. 

Viss du har eit bra klassemiljø lærer kanskje betre. Eit bra klassemiljø for meg er at alle er snille med alle og hjelpar kvarandre. Det er mange som ikkje likar klassen sin men det er kanskje fordi dei ikkje gjer innsats i klassen. Viss du har det dårleg på skulen så blir du lei deg og dagen din blir påverka. 

Eg synes at 9cd har eit ganske bra klasssemiljø egentlig men det går alltid ann å få det endå betre. For å få eit betre klassemiljø kan alle vere snille med alle og bli betre kjent med alle i klassen. Arbeidsro eg også veldig viktig viss ein skal ha eit bra klassemiljø. 



  



UNGDOM OG KROPP



Det er veldig vanskeleg å vere ungdom i 2015. Det er stort kroppspress på både gutar og jenter. Ungdomsblad, vekeblad og andre magasin har annonsar for mange forskjellege produkt med unge, slanke, vellykka menneske. På annonsane er det bilete av perfekte ungdomar som er slanke, har kvite tenner, rett nase, skinnande auge osv. Mange ungdommar blir påverka og ønskjer at dei skal likne meir på dei i blada.

Somme ungdommar er så misfornøgde med korleis dei ser ut at dei bruker fritida si på å slanke seg kraftig eller byggje opp store musklar. Mange gutar ønskjer å få litt større musklar og begynne å pumpe jern på treningsstudio. Normal trening er sunt men tanken på å få større musklar kan ta overhand og bli det viktigaste i kvardagen. Denne sjukdommen blir kalla magareksi og dei som har den sjukdomen følar at dei aldri kan få store nok musklar. Eit alvorleg problem er at det nokre gongar blir brukt dopingmiddel som anabole steroid.

Anoreksi og bulimi er mest vanleg blant jenter men det er mange gutar som òg lir av eteforstyrringar. Ca. 100 000 personar er ramma av denne sjukdommen i Noreg.
Dei som har anoreksi kan aldri bli slank nok følar dei.

Nå i dag har vi kosmetiske operasjonar Menneskar som har øydelagt utsjånaden på grunn av sjukdom eller skadar kan ta kosmetiske operasjonar for å fikse dette. Mange ungdommar brukar masse pengar på å få større bryst, rette på nasen, sprøyte inn botox eller få større lepper. Det går seriar på tv som visar ungdommar som har endra på utsjånaden og blitt lykkelege. 

Gutt som viser sine muskler for en jente.

Kjeldeliste:

http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154
Bilete kjelde: http://ndla.no/nn/node/115636

onsdag 28. oktober 2015

Rus og psykisk helse

I dei neste vekene skal vi ha eit prosjekt som heiter rus og psykisk helse. Det handlar mellom anna om konsekvensane, korleis det påverkar deg og kva som kan skje dersom du drikker alkohol. Alkohol er eit rusmiddel og det inneheld stoffet etanol, som gir rusverknad.

Viss ei gravid kvinne drikk alkohol, vil fosteret få same promille som mora (Ekeland, s. 72).  Dersom fosterhjernen er påverka av alkohol når cellene veks kan både bygnaden og funksjonen til hjernen få alvorlege skadar. Barn som er påverka av alkohol kan bli for seint utvikla og dei kan mellom anna få lærevanskar, konsentrasjonsvanskar og dei kan også fungere dårleg sosialt.

Mange ungdommar prøver alkohol for første gang når dei er 14 år. Då er det større sjans får og bli alkoholavhengig når du blir eldre. Forbruket er størst når du er ung men minskar når du blir 30 år. I Noreg drikker kvar innbyggar ca. 6 liter etanol per innbyggar kvar 15 år.

Loven seiar at du må vere 18 år for å drikke og kjøpe alkohol men likevel drikk mange under 18 år. Gjennomsnittsalderen  er 14,5 når det gjeld øl og 15 år når det gjeld vin og brennevin. Rus gjer at du får kjensler som spenning, mestring, glede eller av å ha det godt. Du kan også få forsterka sinnstemning.

Kjelder:
Ekeland, Per Roar
Tellus 9, Aschehoug 2007








Ungdomskultur

Ungdomskultur er kulturen til ungdommane. Den er skapt av og for unge menneskar. Ungdomskultur er noko som skil ungdom frå barn og voksne. Ungdommane har utvikla sine eigne slangord som vaksne ikkje forstår.

Ungdommar utviklar også eit språk gjennom Facebook, Kik, Twitter  og andre sosiale mediar. Det fins og mange forskjellige ungdomskulturar. Alle skillar seg frå kvarandre blant anna gjennom stil, frisyrar, musikksmak og fritidsinteresser. 



tirsdag 27. oktober 2015


OD-dagen nærmar seg



29. oktober er det OD-dagen. Då har eg og ei venninne tenkt å jobbe på BigBite på M44.

Eg syns at det fint at pengane går til Amnesty, siden det er ein bra aksjon. Amnesty aksjonerer kvar dag for å stoppe henrettelsar og tortur, kreve ytringsfridom, rettferdige rettsaker og protestere mot diskriminering.



onsdag 14. oktober 2015

Menneskerettar



Menneskerettar er grunnleggjande rettar som alle har uansett kjønn, alder, religion eller nasjonalitet. Det kan for eksempel vere at alle har rett til å gå på skule eller at alle har rett til å ha ein plass å bu. 

Alle menneskar er like mykje verdt og derfor er det viktig at alle blir behandla likt. Men det er nokon som blir urettferdig behandla og då må FN gripe inn. 

Over heile verden brytar menneskerettane dagleg. Ved svært alvorlege brot kan FN bruke militære midlar for å gripe inn. 

Eg syns sjølv at menneskerettar er viktige fordi viss ikkje hadde mange folk blitt urettferdig behandla og det er ikkje greitt. Me har det betre enn dei fleste i verden derfor er ansvaret okkas også større.