Rus og psykisk helse
I dei neste vekene skal vi ha eit prosjekt som heiter rus og psykisk
helse. Det handlar mellom anna om konsekvensane, korleis det påverkar deg og
kva som kan skje dersom du drikker alkohol. Alkohol er eit rusmiddel og det inneheld
stoffet etanol, som gir rusverknad.
Viss ei gravid kvinne drikk alkohol, vil fosteret få same promille som
mora (Ekeland, s. 72). Dersom
fosterhjernen er påverka av alkohol når cellene veks kan både bygnaden og
funksjonen til hjernen få alvorlege skadar. Barn som er påverka av alkohol kan
bli for seint utvikla og dei kan mellom anna få lærevanskar,
konsentrasjonsvanskar og dei kan også fungere dårleg sosialt.
Mange ungdommar prøver alkohol for første gang når dei er 14 år. Då er
det større sjans får og bli alkoholavhengig når du blir eldre. Forbruket er
størst når du er ung men minskar når du blir 30 år. I Noreg drikker kvar
innbyggar ca. 6 liter etanol per innbyggar kvar 15 år.
Loven seiar at du må vere 18 år for å drikke og kjøpe alkohol men likevel drikk mange under 18 år. Gjennomsnittsalderen er 14,5 når det gjeld øl og 15 år når det gjeld vin og brennevin. Rus gjer at du får kjensler som spenning, mestring, glede
eller av å ha det godt. Du kan også få forsterka sinnstemning.
Kjelder:
Ekeland, Per Roar
Tellus 9, Aschehoug 2007
Tellus 9, Aschehoug 2007
